Søndag 15. november skulle det ha vore feira gudsteneste med dåp i Frøyset kyrkje. Slik vert det ikkje.
Det vert inga vanleg gudsteneste i Frøyset kyrkje denne dagen. I staden vert det gjennomført ei lukka dåpsgudsteneste med eit avgrensa antal deltakarar. Vi seier oss leie for at ein denne gongen ikkje kunne gi kyrkjelyden høve til å ynskje dåpsbarnet velkomen inn som medlem i kyrkja, men slik vart det altså.
Det er også bestemt at utdeling av bok til tiåringane ved gudstenesta i Solheim kyrkje den 29. november går ut. Ein har enno ikkje teke stilling til om ein skal gjennomføre sjølve gudstenesta denne dagen. Dette vil vere avhengig av kva råd og retningsliner som vert gjort gjeldande når vi nærmar oss dagen.
På heimesida vil vi gjere vårt beste for å halde dykk oppdaterte på kva tilskipingar som kan gjennomførast, og kva tilskipingar som må gå ut. Det er difor lurt å sjekke informasjonen som vert lagt ut her.
Tekst og foto: Rune Garmann