Det var tent lys i adventsstaken då me kom inn i kyrkja i dag. Det er 1.søndag i advent og
starten på nytt kyrkjeår.
Gudstenesta starta med inngangssalme; Salme nr 8 i Norsk salmebok:
Rydd vei for Herrens komme,
for frelsen fra vår Gud.
Vår ventetid er omme,
han sender oss sitt bud:
Det gamle skal forsvinne
Guds rikes tid er inne!
Velsignet være ham
som kom i Herrens navn.
Vikarprest Helge Hitland leia gudstenesta.
Tekstane som vart lese i dag var Jesaja 61, 1-3 og Johannes openbaring 5, 1-5. Preiketeksten var Lukas 4, 16-22a
Du kan lese tekstane her:
https://bibel.no/nettbibelen
Helge Hitland snakka om verdien kvar og ein av oss har for Gud. Han understreka kor stor nåden er! Uansett kor me rotar det til i livet vårt er det mogeleg å kome tilbake til Gud.
Me var fleire som synst det var ekstra fin lyd når Anne Merethe Reknes spela på i orgelet i Solheim kyrkje i dag! Konfirmanten Nikolai Jåstad styrte tekst og bilete.
Takk for samveret!
Tekst og foto: Dina Dyrhovden