Praktisk informasjon om dåpen


Det mest vanlege er å ha dåp når barnet er 3-5 mnd, men ingenting er i vegen for å ha det før, eller seinare.

 

Når ein har bestemt seg for å ha dåp, tek ein kontakt med kyrkjekontoret på tlf. 56 16 62 61 (mandag til torsdag) eller sender ein epost til kyrkja@masfjorden.kommune.no og avtaler dato for dåp og for ein dåpssamtale. 

Ei oversikt over når kvar kyrkje har gudsteneste, finn ein i kyrkja sin aktivitetskalender.

Før dåp har foreldre og prest ein dåpssamtale, normalt sett ei eller to veker før dåpen. Då kan de enten koma til kyrkjekontoret eller me kan møtast i kyrkja. I dåpssamtalen går me gjennom sjølve dåpshandlinga, og kva dåpen betyr. Det er og ein anledning til å bli betre kjent. Det er òg veldig kjekt om familien eller andre i dåpsfølgjet deltek i sjølve dåpshandlinga. Det kan vere gjennom tekstlesing, hjelp til å tørke dåpsbarnet på hovudet, eller andre oppgåver. Dette pratar me om i dåpssamtalen. Kanskje er det ein bror eller søster som vil tørka hovudet til lillebror i dåpen? 

Dersom ein ikkje bur i Masfjorden, men ynskjer dåp her, må ein melde om dåp også til kyrkjekontoret der ein bur, og ha dåpssamtale der.

Når ein melder til dåp, må ein gje opp barnet sitt namn og fødselsdato. Dette må ein som foreldre òg melde direkte til folkeregisteret, og det er mest praktisk at dette vert gjort før barnet blir døypt. Ein må vidare velje 2-6 fadrar. Dei må vera 15 år, og medlem av Den norske kyrkja eller andre kristne som kan stå inne for barnedåp. Dersom de har spørsmål om dette, er det berre til å ta kontakt med presten. 

Foto: Bo Mathisen

Tilbake