Songstund og andakt på sjukeheimen


Annakvar tysdag kjem prest og kyrkjelydsmusikar til sjukeheimen for å halde songsstund og andakt for bebuarane.

 

I ei tid der me opplever strenge restriksjonar og må gjere mange endringar i planane våre, er det godt å ha noko av «det gode gamle» å halde oss fast i.

Lyden av eit trillande trøorgel som nærmar seg Nystova, er eit kjent teikn for mange av bebuarane på sjukeheimen. Då veit dei at det er songstund og besøk av presten som er i vente. Her har me med oss eit songhefte med kjente og kjære songar: «Den fyrste song», «Mellom bakkar og berg» og «Alltid freidig» er nokre av songane me alltid må ha med, og det er kjekt å høyre kor godt dei syng med i lag med oss. Og uansett om det er pøsande regn og vind, eller strålande knusktørt vintervêr utom glasa, endar me alltid opp med «Fager kveldssol smiler» heilt til slutt.

Når trøorgelet forsvinn ut i gangen att, går turen vidare til Arbeidsstova. Her samlast bebuarane frå dei andre avdelingane til ein enkel andakt med salmesong og bøn. Etter nyttår har det vore ekstra spenning knytt til «nyepresten» - og det ser heldigvis ut som om dei er godt nøgde, alle saman.

Sjølv om det meste er «som normalt» ved desse stundene, er det ein ting som er annleis: Med dei restriksjonane me har i samfunnet no, er songstunda og andaktane berre opne for bebuarane ved sjukeheimen. Det same gjeld dei gudstenestene som er planlagt på sjukeheimen; skjærtorsdag og 17. mai – inntil noko anna er avgjort.

Så gler me oss til at me ein gong i framtida forhåpentlegvis kan dele desse fine stundene med endå fleire.
 

Tekst og foto: Anne Merethe Reknes

Tilbake