Etter helsinga frå prest Kristine, vart konfirmantane presentert for kyrkjelyden. Åshild Andvik, Markus Langfjell Lilletvedt, Andreas Nordland og Thea Madelen Hope er konfirmantar i 2021. Helga viste fram og fortalde om kristuskransen som vert mykje brukt i konfirmantundervisninga. Kransen består av 18 perler, som kvar har si tydning, eit livsspørsmål, ein tanke, eller ei bøn. Ho snakka m.a. om å vera sutalaus, å leggja bekymringane frå oss og vera glade. Konfirmantane vart ønskt velkomne med applaus.
I preika filosoferte Kristine over tema bekymringar. Bekymringar kan vera nyttige, og bibelen fortel at Jesus tok tak i folk sine bekymringar og flytta fokus vekk frå desse. Å bekymre seg er ein del av det å vera menneske, det er noko me alle må handtera. Forfatter Earl Nightingale har rekna bekymringar i prosent:
- 40% av bekymringane våre kjem aldri til å skje
- 30% er ting som har skjedd tidlegare. Dette kan me ikkje gjera noko med.
- 12% er andre sine tankar
- 10% er unødvendige helseting
- 8% er bryet verdt å bekymra oss for
Dvs. 92 % er heilt unødvendige bekymringar. Gje bekymringane til Gud. Vi er alle elska og uendeleg verdifulle. Det er menneskeleg å feile, og vi treng kvarandre og Gud.
Det var nattverd for alle.
Gudstenesta var avslutta med vakkert postludium «Shine your light», sunge og spela av pianist Ove Danielsen.