28. februar fekk me endelig kome i kyrkja att, og det var nyepresten vår, Torbjørn Sæle, som ønska velkomen til Solheim kyrkje.
Preiketeksten for dagen var Lukas 7, 36-50. Kvinna i teksten har ikkje noko namn, men ho vert hugsa for det ho gjorde. Og for trua si.
Eit sitat frå Torbjørn si preike, sit att hjå meg: "Trua frelser ingen. Berre han vi trur på, frelser." Torbjørn snakka om vår eiga og Jesus si rolle i dette.
Det var nattverd og takkofferet gjekk til Redd Barna. Marit Steinestø og Anne Merethe Reknes medverka. Kyrkjevertane tildelte sitjeplass, det var greitt å halde avstand og godt smittevern.
Velkomne til kyrkja!
Tekst og foto: Dina Dyrhovden