Fakkeltog, telys og Lys Våken


På Lys Våken var det ulike lys som vart tent - alt frå faklar til fakkeltoget, telys og innsikta i at våken betyr det same som vaken.

 

Ved Solheim kyrkje 27. februar fekk dei unge gjera seg kjende med helsingar og symbol på gravplassen og leita etter bitar av songar som var gøymt i kyrkja.  Dei fekk høyra om Jesus som var 12 år då han var att i tempelet etter påskefeiringa, fordi han høyrte til i sin far sitt hus. Dei fekk òg høyra ein brurmarsj med både litt lyd og mykje lyd frå orgelet.

På veg opp til Stemmevatnet var det quiz med sitat frå Gud og Jesus. Eit av spørsmål var: «Kva var det første Gud sa?» Veit du det? Framme ved gapahuken var det tid for grilling og leikar før fakkeltoget lyste opp saman med allsong av Lys Våken-gjengen.

 

Tekst: Helga Ekehaug

Foto: Torbjørn Sæle

Tilbake