Laurdag 10. april var konfirmantane samla til utedag ved Solheim kyrkje og Stemmevatnet.
Nok ein snørik utedag saman med konfirmantane erstatta nok ein utsett konfirmantleir. Noko av det fine med koronarestriksjonane, er at me lyt tenkja nytt om korleis me kan vera saman. Å vera ute er eit godt alternativ.
Denne gongen gjekk me frå Solheim kyrkje til Stemmevatnet. På den rundt to kilometer lange vegen opp fekk konfirmantane med seg snakkekort til å samtala om i grupper på to eller tre. Spørsmåla handla om alt frå påskeferien til dilemma relatert til rus, gaming og sosiale media.
Vel framme ved gapahuken ved Stemmevatnet var utfordringa å få fyr på bålet. Med berre stål og flint til å tenna opp var det bruk for samarbeid, kreativitet, erfaring, oppmuntring og pågangsmot! Alt dette stod konfirmantane for sjølve inkludert hogging av kveiksle! Bålet verma til slutt både oss og maten. Sjølv om det var plenty med ved, hadde alle med ei vedaskie kvar.
Så var det tid for meir leiking, gje eit lite vink, gøymespel, snjoballkrig, kubbespel og bading. Med tanke på at me framleis er i påsketida var «Deg være ære» songen vår denne dagen, med eit mogeleg framtidig konfirmantkor.
Utedagen hadde fokus på det sosiale og det å få vera saman. Med spørsmål frå ein konfirmant: «Når skal me ha utedag i Nordbygda?» fekk me ideen til å ha endå ein utedag. Kanskje dette kan verta tradisjon for seinare konfirmantopplegg – å vera saman ute i Guds frie natur!
Tekst: Helga Ekehaug, truspplærar
Foto: Torbjørn Sæle