Påska i Peter sitt perspektiv


«Dette var interessant,» var dei ei som sa etterpå. Det hadde ho heilt rett i.

 

I temakveldar i alle kyrkjene våre har sokneprest Torbjørn Sæle invitert til ei vandring i ord og tonar gjennom påskeforteljinga. Ved å dele små betraktningar og kommentarar til desse har vi fått del i hendingane i påska, slik Torbjørn har tenkt seg at apostelen Peter kan ha opplevd desse.

Dette var ein ny – og som sagt: interessant – vri på ei forteljing som dei fleste frammøtte nok var godt kjende med frå før. Men ved å ta utgangspunkt i Peter vart det opna for eit større fokus på dei menneskelege sidene ved hendingane som her er skildra.

Kjelda for denne gjennomgangen er evangeliet etter Markus. Historia starta med hendingane palmesundag og enda med forteljinga om fyrste påskedag – med ein glytt inn i tida etter, og med ein konklusjon som er tidlaus.

Hendingane vart presentert kronologisk og bundne saman gjennom musikkinnslag. Alle musikkinnslaga hadde norsk tekst, og interessant nok var alle innslaga på eitt nær framført av artistar frå Nordhordland. Kan hende seier dette litt om nedslagskrafta til denne innpå to tusen år gamle forteljinga?

Ein varm takk til Torbjørn for eit fint opplegg.

Tekst og bilete: Rune Garmann

Tilbake