Konfirmasjon i Sandnes kyrkje


Trusopplæraren sitt blikk før, under og etter konfirmasjonane i Sandnes kyrkje 6. september.

 

Dagen før tok eg finpussen med strykejernet på kappene, fekk på plass stativet til perlene i Kristuskransen. Kvar kunne det stå utan å vera i vegen for nokon? Slutthelsinga låg ferdig og klar på lesepulten. Korta med bøner til konfirmantane var på plass i prestesakrestiet. 

På sjølve dagen og på ulike tider kom konfirmantane så strålande, flotte og med litt fleire sommarfuglar i magen enn på øvinga tidligare i veka. Ein siste gjennomgang av kva dei skulle seia og kva dei skulle gjera. Eg hadde nok fleire sommarfuglar som baksa på enn det dei hadde, for eg sa stadig feil til dei og brukte endåtil feil namn på dei. Dei hadde visst roen likevel.

Kyrkjeklokkene ringjer og me stiller opp i våpenhuset. No er det like før, klokkar Lillian Andvik er i gang med å orientera om gudstenesta. Lat oss vera stille for Gud, tre klokkeslag og dørene vert opna. Kyrkjelyden reiser seg, Anne Merethe spelar oss inn i kyrkjerommet og konfirmantane trør andektig opp midtgangen. Eg kjenner meg rørt.

Det storlåtte vekslar med det kvardagslege. Då konfirmantane presenterte Kristuskransen og skulle setja perlene inn i stativet sat eg på otte. Stativet er ei isoporplate på ein stol. Kom den til å knekka i to eller velta stolen? Nei, det gjekk fint. Men då siste kula kom på plass ramla mange av dei andre kulene ut og bortetter golvet. Då var det støttande med latter frå salen.

Støttande fellesskap var det å be saman med kyrkjelyden: «Fader vår, du som er i himmelen…» på akkurat same måten som besto mi lærte meg å be. Det gav òg eit fellesskap å stå inne i alterringen og få vera med å be for kvar enkelt konfirmant. Det gjev ei heilt eiga kjensla av å ta del i noko som er større enn meg sjølv.

Etter siste gudstenesta, hang kappene igjen etter konfirmantane som trippa ned trappa. Då kom det over meg eit vemod, - dette var siste gongen eg får vera saman med dei som konfirmantar. Eg står att og kviler i tru og håp om at dei har fått med seg noko verdifullt frå tida som konfirmantar.

Tekst: Helga Ekehaug
Foto: Roald Kvingedal

Tilbake