Eitt av smittetiltaka som vart innført i vår, var å droppe kyrkjekaffien. No kan vi ta opp att den hyggelege skikken.
Mange kyrkjegjengarar har sett pris på å kunne ta ein god prat over ein kaffikopp etter gudstenesta. Då koronaepidemien gjorde det naudsynt å innføre smitteverntiltak, vart det å sløyfe kyrkjekaffien eitt av tiltaka kyrkja kunne gjennomføra for å auke smittevernbereidskapen.
Mange har gitt uttrykk for at dei har sakna kyrkjekaffien, og det er difor hyggeleg å kunne fortelje at ein no har bestemt seg for å ta opp att den gode tradisjonen.
Det vert gjerne i litt andre former enn før epidemien. Men kyrkjeutvala vil leggje opp til gode rutinar for servering. Og tek vi andre ansvar for å halde avstand, så skulle det ikkje vere noko i vegen for at kyrkjekaffien vert ein hyggeleg - og ikkje minst trygg - tradisjon for dei som har tid og høve til å vere att ei stund etter gudstenesta.
Foto: Devon Delrio (CC0)
Tekst : Rune Garmann