Grunna koronapandemien har Frivilliprisen ikkje vore utdelt på nokre år. No er ein i ferd med å ta att det forsømte.
Etter førjulsgustenesta på Granneheimen 5. desember vart Frivilligsentralen sin Frivilligpris delt ut. Tid og stad var ikkje tilfeldig vald : Mottakaren, Else Haugland, fekk prisen mellom mykja anna av di ho har sytt for at kyrkjekaffien etter gudstenestene i Granneheimen er blitt eit kjærkome møtepunkt for grannane i denne delen av kommunen.
Det var soknepresten vår, Torbjørn Sæle, som delte ut prisen. Den består av eit diplom og eit arbeid av ein lokal kunstnar. Denne gongen var det eit bilete av Anne Marit Palmer. Han las også opp ei lia helsing til Else frå styret i Frivilligsentralen, med ei grunngjeving for at ho er tildelt prisen. Denne er attgitt her:
"Barnas trafikklubb har eit motto: «Se og bli sett»
Enkelte av oss er flinke til det, kanskje spesielt det siste. Nokre er lettare å få auge på i lokalmiljøet enn andre. Dei blir sett.
Andre er flinkare til å sjå. Dei ser menneska rundt seg. Dei ser kva behov dei har. Dei ser kva gode gjerningar dei sjølve kan gjere for andre. Og dei gjer slike gode gjerningar, ofte i det stille, og utan at så mange andre ser det gode dei gjer.
Difor er det viktig av og til å sjå seg rundt, og sjå alt det gode slike menneske gjer for andre. Og Frivilligprisen, som vert delt ut av styret i Frivilligsentralen, er eit uttrykk for at nokon har sett seg rundt og fått auge på noko som fortener å verte sett av fleire.
Styret har sett ein person som evnar å sjå kva behov andre har, og setje ynskje om hjelp ut i handling. Dette har mellom svært mykje anna dreidd seg om å yte hjelp med transport av folk som ikkje har høve til å køyre sjølve til doktor eller sjukehus, det har dreidd seg om å vere til stades og vere eit lyttande øyre og ein velmeinande rådgjevar når det har vore naudsynt, det har dreidd seg om å gi råd og rettleiing og å dele handlingsboren kunnskap når folk har stått fast og ikkje fått til praktiske gjeremål som denne personen er dyktig til, det har dreidd seg om å delta i dugnadsuinnsats til inntekt for fellesskapet.
Vi snakkar om ein person som i koronatida bakte og delte ut lefser til sambygdingar over 80 år, og til bebuarane på sjukeheimen. Vi snakkar om ein person som samlar bygdefolket til aktivitetskveldar. Vi snakkar om ein person som tek ansvar for kyrkjekaffi og kveldsmat på Granneheimen. Vi snakkar om ein person som er ei smilande kjelde til oppmuntring og støtte for dei ho har rundt seg.
Vi snakkar om Else Haugland.
Kjære Else. Denne prisen får du fordi du er sett som den hjartevarme omsorgspersonen du er. Du får han fordi du fortener han.
Gratulerer, og takk!
For styret i Frivilligsentralen
Rune Garmann