Lys våken


Lyst å overnatta i kyrkja? Bli med på lys våken 12. - 13. mars i Sandnes kyrkje

 

Alle 5. 6. og 7. klassingar er velkomne! Me skal syngja, kanskje læra ein ny song, eta, førebu gudstenesta, leika og gå i fakkeltog. Til slutt har me ei kveldssamling før me finn soveposane våre og legg oss til å sova i kyrkjerommet. Der er det heilt trygt, veldig fint og litt spanande å overnatta i kyrkja.

Lys våken handlar ikkje om at vi skal vera vakne heile natta, men om at vi skal vera vakne for det som skjer i oss og rundt oss. Vi skal vere vakne overfor Gud, kvarandre og oss sjølv, og ikkje minst kan vi oppleva at Gud er Lys våken for oss.

Det er nesten 60 born som får invitasjon! For å få dette til lyt me saman med foreldre samarbeida om oppgåvene. Det trengst folk til matlaging/servering, leia grupper, vera tilstades i kyrkja om nokon treng litt ekstra merksemd og nattevakter.

Meld dykk på så snart som mogeleg, og seinast fredag 4. mars.

Påmeldingslenkje.

Helga Ekehaug

Trusopplærar

Foto: Den norske kyrkja

Tilbake