Her finn du meir informasjon om konfirmasjon og datoar for konfirmasjonsgudstenester dei komande åra.
Masfjorden sokneråd har i møte 18. mai 2022 vedteke å gå tilbake til vårkonfirmasjon frå og med konfirmantåret 2022-2023. Dette som eit resultat av ei samla vurdering og etter ei spørjeundersøking. Konfirmasjonsgudstenestene vil som utgangspunktet vera dei siste tre helgene føre 17. mai og rekkefølgja vil som tidlegare rullera mellom kyrkjene. Heilagdagar og andre særskilde omsyn kan føra til mindre endringar, men dette ser ikkje ut til å påverka dei komande åra. Gudstenestene vil normalt starta kl. 11.00.
Konfirmasjonane vil komande år vera følgjande søndagar:
Sandnes 28. april 2024
Solheim 5. mai 2024
Frøyset 12. mai 2024
Solheim 27. april 2025
Frøyset 4. mai 2025
Sandnes 11. mai 2025
Frøyset kyrkje 26. april 2026
Sandnes kyrkje 3. mai 2026
Solheim kyrkje 10. mai 2026
Konfirmantåret startar med presentasjonsgudstenester i månadskiftet august/september.
Velkomen! Tekst: Torbjørn Sæle Foto: Von/Kirkerådet