Velkomen, versågod, og takk!


Desse tre orda oppsummerer mykje av det som skjedde søndag 28. august, då det var halde gudstenester i alle tre kyrkjene våre.

 

Denne sundagen vart neste års konfirmantar – tolv i alt – presenterte og ynskt velkomen til førebuingstida til konfirmasjonen. Då fekk dei også kvar sin Bibel - samt litt heimelekse til fyrste ordinære konfirmasjonssamling.

Ynskt velkomen vart også den nye trusopplæraren vår, Tina Meland Corneliussen, som var med og delte ut Bibelboka til 10-åringane. Ho nytta også Bibelboka til å lese ein lett modernisert versjon av dagens preiketekst, som var historia om då Jesus metta 5000 menneske med fem små brød og to fiskar.

På eit litt underleg vis passa denne historia om brøda og fiskane ekstra godt på denne dagen, som var den siste arbeidsdagen til Anne Merethe Reknes. Ho sluttar etter ti år som organist hos oss for å gå inn i ei prosjektstilling i kommunen som ernæringsfysiolog. At folk har sett stor pris på innsatsen hennar, ga den varme applausen ho fekk i alle kyrkjene eit klårt uttrykk for.

Tekst og bilete: Rune Garmann

Tilbake