Me er godt i gang med sommar og ferie. Men staben har laga nokre sommarhelsingar som me vil dele med dykk på søndagane framover.
Dei fleste i kyrkje staben er no på ferie, og det er ikkje like mange gudstenester dei nærmaste vekene som det er ellers i året. Difor hadde me i år lyst til å dele nokre sommarhelsingar med dykk. Dette er korte videohelsingar frå eindel av oss som jobbar i kyrkja i Masfjorden. Lenker til videohelsingane vert lagt ut her på søndagane det ikkje er gudstenester.
Først ut er trusopplærar Tina Meland Corneliussen som har funnet fram flannelografen og fortel om eit av Jesu under i si sommarhelsing. Trykk her for å sjå videohelsinga hennar.
Sokneprest Torbjørn Sæle sender si sommarhelsing fra toppen av Kvalsbergnovs med utsikt ned til mellom anna Solheim. Trykk her for å sjå videohelsinga hans.
Så er det konfirmantlærar Ingrid Helene K. Raunehaug sin tur til å dele si sommarhelsing. I tillegg til å være flink å synge og spele piano så lagar og Ingrid egne songar. Du kan høyre meir om songen hennar "takkesalme" i videohelsinga, og songen kan du høyra på Spotify (artist: Ingrid Helene)
Trykk her for å sjå videohelsinga hennar
og her for å høyre songen hennar på Spotify.
Organist Boris Kuprijanov har tatt med seg kona si Else Iren Westervik til Sandes kyrkje for å spele inn si sommarhelsing. Mange i Masfjorden kjenner Else Iren frå tida ho jobba i musikkskulen i Masfjorden.
Trykk her for å høyre Boris og Else si sommarhelsing.
Og til slutt er det kyrkjeverje og sekretær Eli Eidsnes som kjem med si sommarhelsing. Takk til dykk som har sett desse videosnuttane me har laga gjennom sommaren. Så håpar me å møte dykk på gudstenester og andre arrangement i kyrkja utover hausten.
Trykk her for å høyre Eli si sommarhelsing.
GOD SOMMAR alle saman!
Tekst og foto: Eli Eidsnes, kyrkjeverkje.