Laurdag 9. desember vart det halde ortodoks gudsteneste i Frøyset kyrkje.
Truleg er dette fyrste gongen det er halde ei slik messe i Masfjorden. Bakgrunnen for dette var at Kyrkja i Masfjorden hadde invitert ukrainarane som bur i Masfjorden, Gulen, Austrheim og Fedje til ei førjulssamling i Nordbygda samfunnshus på Risnes, og denne gudstenesta var ein del av programmet for dagen.
Saman med venene våre frå desse nordhordlandskommunane deltok også ein god del ukrainarar frå den ortodokse Kristi Åpenbaringsmenighet i Bergen, og ein del av dei som sit på akuttmottaket for ukrainske flyktningar i Solheimsviken. Totalt var eit hundretals menneske samla i samfunnshuset på Risnes denne dagen.
Arrangementet er resultatet av eit godt samarbeid mellom Kyrkja i Masfjorden, Kristi åpenbaringsmenighet, og Masfjorden og Austrheim kommunar, som bidrog til finansieringa av arrangementet, Frivilligsentralen i Austrheim, samt ei rekkje frivillige som på ulikt vis bidrog til å dra i land dette prosjektet. Det er all grunn til å takke alle medhjelparane varmt for den gode innsatsen deira.
Forutan å ta del i gudstenesta fekk dei ukrainske venene våre tid og høve til eit å dele eit måltid mat - ukrainsk, naturlegvis - laga av dei sjølve. Vi norske som var til stades, fekk eit lite innsyn i den fine matkulturen ukrainarane har.
Det vart også tid til eit lite kulturprogram, der det å synge saman var ein viktig del. Inderlegheita i songen, ansiktsuttrykka, dei blanke augene - alt dette viste tydeleg korleis song kan samle oss og styrke kjensla av å høyre til.
Gudstenesta var annleis enn det vi er vane med, med ein langt meir utbrodert liturgi enn vår. Også innslag som vi kjenner få vår eigen liturgi, som til dømes nattverden, vart gjennomført på ein annan måte enn hos oss. Men om formene er ulike, er innhaldet det same.
Eit svært spesielt innslag var då presten, Dmytro Ostanin, presenterte eit nyanskaffa ikon. Motivet på ikonet er erkeengelen Mikael. Men det spesielle med dette ikonet er gjenstanden det er måla på, nemleg innsida av ein ammunisjonskasse, som i si tid har romma meir enn to og eit halvt tusen patroner. Eit vakkert ikon, og samstundes ei ubehageleg påminning om kvifor vi har så mange ukrainarar hos oss i desse dagane.
Alvoret til tross - gudstenesta vart avslutta med smil. I staden for å lyse velsigninga slik vi er vane med, gjekk presten ned i kyrkja og skvetta vatn på gudstenestedeltakarane. Det vart teke imot med breie smil. Snakk om bokstavleg tala å spreie glede!
I ettertid er det kome mange gode attendemeldingar på arrangementet, både frå dei arrangementet var laga for, og frå dei som var med og laga det til.
Dette inspirerer til liknande samkomer i framtida.
Tekst og bilete: Rune Garmann