Det er spennande for både små og store å vera med på julevandring i barnehagane.
Trusopplærar Else Iren Westervik og sokneprest Torbjørn Sæle har i adventstida vore på besøk i dei tre barnehagane i kommunen. Med kostymer for små og store var det ei levande vandring gjennom juleevangeliet.
Adventslysa vart tende før keisar Augustus skulle telja alle saman i manntalet sitt. Barna som ville kunne verta utkledde og fylte rollene så fint. Maria og Josef var på tur med eselet og måtte banka på dører i håp om å finna ein plass å vera, for babyen skulle jo snart bli født. Men i Betlehem var det fullt og dei måtte ta til takke med å vera ute i ei kald løe.
Ute var også gjetarane som passa på sauene og varma seg på bålet, før ein engel viste seg og sa dei ikkje skulle vera redde. Og fleire englar dukka opp og song av glede. Gjetarane måtte skunda seg av garde for eit barn var født i Betlehem. Og til barnet i krybba kom også vismennene som fulgte etter stjerna. Dei hadde kroner på hovudet og gav gåver til Jesusbarnet.
Etterpå å ha sunge «O jul med din glede» var det spennande å få sjå og lukta på gull, røykjelse og myrra, klappa Jesusbarnet og lamma. Nokre nytta også høvet til å prøva eit anna av dei flotte kostyma, som vi også i år har fått låna frå Knarvik kyrkje.
Det vart gode og stemningsfull stunder i ei for mange travel førjulstid.
Takk for denne gong! Og snart er det jul igjen.
Tekst: Torbjørn Sæle
Foto: Nordbygda barnehage